top of page

Presse

”Reidun Melvær Berge skein som sjølvaste Rypa. Ho er på scena heile tida, og framstiller jenta på ein levande og truverdig måte” – Fjordingen 2019-11-30

”Reidun Melvær Berge har synt før at ho meistrar særs godt roller som ung jente. Ho har ei eiga evne til å trollbinde publikum slik at dei gløymer tid og stad, det vil seie, vi er med ho i Jostedalen, i angsten, i einsemda, i kulda. Vi frys og vi ler letta når farlege situasjonar snur.” Marit Bendz for Scenekunst.no

http://www.scenekunst.no/sak/varme-og-villskap/

”Reidun Melvær Berge er god i rollen som Jostedalsrypa, og får frem den indre kampen og hva et menneske er og hva det er i stand til. I det hele er ensabelet stødig, og dessuten synger alle godt. ” – Charlotte Myrbråten for Shakespeartidsskrift.no
http://shakespearetidsskrift.no/2019/11/natur-og-kultur

” For ei Jostedalsrype! Reidun Melvær Berge, som hadde hovudrolla som sjølvaste Rypa, skein gjennom heile seansen. Ho selde verkeleg kjenslene til ei gudsforlaten, kald og pestfryktande jente i Jostedalen på mørkaste vinteren.” – Firda

https://www.firda.no/for-ei-jostedalsrype/o/5-15-907670?session=2350de70-9de3-4d59-9aab-6c90f8ca51fa


”Reidun Melvær Berge er trygg og overtydande i rolla som rypa, og nokre av scenene mellom henne og tippolde er små lyriske perler. Også fordi både Berge og Losnegård er så gode songarar.” – Amund Grimstad Klassekampen

http://amund.info/2019/12/jostedalsrypa/?fbclid=IwAR1nrBlsC9i0O75C7n54Ojbk-r7fE6Za3DQdurscrAZt3qABpzTlkFnTyiI

” Publikum er som lamma, for her held Reidun Melvær Berge oss i eit jerngrep frå første stund.” ” Det er så gode scener, og så glitrande spel at underteikna sjeldan har sett noko liknande.”– Firda Tidene

”24 år gamle Reidun Melvær Berge er overtydande  som den unge jenta. Ho får fram angsten og lengten, kjensla av utryggleik og vona som aldri vil døy – at far hennar som komme tilbake. Det er ei krevjande rolle som ho taklar svært godt, og med spelet sitt ber ho heile framsyninga.” – Jan Landro for Dag og Tid

”I det kraftfulle samspelet mellom Kyrre Eikaas Ottesen som far og Reidun Melvær Berge som Vibeke, er framsyningaumuleg å verje seg mot.” ” ”Saknet etter far var som eit dyr sprengt av svolt” Kan vi lese i romanen. Slik spelar Reidun Melvær Berge både dei desperate forsøka på å berge far sin frå alkoholen og den nådelause lengtinga etter han, etter at han blir borte. Som eit dyr sprengt av svolt. Det er vondt å vere vitne til, men ein glitrande sceneprestasjon i det som må vere hennar mest omfattande og krevjande rolle ved teateret så langt.” – Janne Karin Støylen for Shakespeartidsskrift.no
http://shakespearetidsskrift.no/2019/01/det-er-eit-skar-i-alt

"Aller størst inntrykk gjer Reidun Melvær Berge i rolla som Vibeke, frå lita jenta til vaksen kvinne. Ein trur slik på ho at ein til tider gløymer at ein sit i ein teatersal. Det tause ropet om hjelp i det ho rømmer ut i skogen, inn i skuggane, som er både trygge og skremmande på same tid. Glimt av tindrande lykke ved det lyse havet saman med klassekameraten Albert. Primalskriket når ho sjølv vert mor, herre gud som mine eigne fødslar renn meg i hu. Ja, så vondt var det. Men for Vibeke kjem ikkje lykka etterpå. Alt er berre vondt.” – Marit Bendz for Scenekunst.no

http://www.scenekunst.no/sak/dei-usynlege-blant-oss/

”Det var så ein nesten gløymde å trekkje pusten ” ”Kort sagt: Reidun Melvær Berge imponerte oss med å spele heile monologen utan å miste tekst og dessutan få fram eit stort følelsesregister.” https://www.fjordingen.no/nyhende/2018/03/24/Overtydande-kjenslevar-og-vakker-16344428.ece

”Aller størst inntrykk gjer Reidun Melvær Berge i rolla som Vibeke, frå lita jenta til vaksen kvinne. Ein trur slik på ho at ein til tider gløymer at ein sit i ein teatersal. Det tause ropet om hjelp i det ho rømmer ut i skogen, inn i skuggane, som er både trygge og skremmande på same tid. Glimt av tindrande lykke ved det lyse havet saman med klassekameraten Albert. Primalskriket når ho sjølv vert mor, herre gud som mine eigne fødslar renn meg i hu. Ja, så vondt var det. Men for Vibeke kjem ikkje lykka etterpå. Alt er berre vondt.” – Marit Bendz for Scenekunst.no

For fullt portrettintervju med Reidun om tida på SOFT, trykk HER

bottom of page